11.mai

Pinsedag

 




 

 

Presten på Søndagsskulehuset

 

Ottar S. Myrseth:

Eg er fødd i 1951, er utdanna cand. theol. ved Menighetsfakultetet i Oslo og vart ordinert til prest i Den norske kyrkja av biskop Thor With i Sykkylven kyrkje i 1978.  Eg var kyrkjelydsprest i Oslo og Spjelkavik samt stiftskapellan for biskopen i Molde i tilsaman 23 år. 

Som leiar for Samråd på Kirkens Grunn følgde eg på nært hald kampen for å verne Den norske kyrkja sin åndelege og læremessige integritet, men gav til slutt opp det prosjektet og melde meg i 2001 inn i Den Nordisk Katolske Kyrkja.  På Mikkelsmess det året vart eg innvigd til prest i NKK av biskop Taddeus Peplowski og fekk ansvar for eit misjonsarbeid i Ålesund. 

Sommaren 2006 vart St. Olav kyrkje som ligg i Hatlane i Ålesund, vigsla som vår kyrkje. Vi feirar messe kvar søndag. I tillegg vert både undervisningssamver og fellesskapsbyggande tiltak annonserte på vår heimeside og ved plakatar. 

 

Eg har no mitt daglege arbeid som folkehøgskulelærar. 

 

Adresse:  Skåthaugkleiva 34, 6010 Ålesund

Telefon:  +47-70 14 79 28

mob: 988 76 761

E-post:  osmyrseth@bluezone.no