Apostelen Tomas

Helgendag

21. desember

 

 Namnet hans tyder «tvilling».  Han har ord på seg for å vere den nølande og tvilande mellom læresveinane.  Men like gjerne kunne han bli hugsa for sitt vitne-mål før påske: «Vi går med han, vi óg, så vi kan døy saman med han,» (Joh 11,16), og for si vedkjenning etter påske: «Min Herre og  min Gud!»   (Joh 20,28).

 Han vart misjonær i Persia og heilt til India der han vart martyr utanfor Madras.  I Kerala i syd-vest India fins kristne av syrisk-ortodoks tradisjon som enno kallar seg 'Tomas-kristne'.

 

Somme feirar hans minnedag den 3. juli, etter tradisjonen frå Syria der han har fått si grav i Edessa.

Bøn

 

'Herre,

du gjorde din apostel Tomas til kyrkjegrunnleggar og vitne. 

Vi bed deg:  Gje oss som han å kunne følgje deg i livet som i døden, og gi oss med dine heilage apostlar å få del i den evige gleda

ved Jesus Kristus, din Son, vår Herre.'

På bilete vert han ofte framstilt med vinkel-hake, ettersom han i India skal ha bygd eit slott til ein fyrste men brukt pengane han tente til å hjelpe dei fattige.