|
Festdag 29. september
Mikael og englane
Mikael er i Bibelen omtala som ein av erkeenglane, han som fører englane i
striden mot den store draken, ormen frå urtida (Opb 12,7-9). I Dan 12,1
vert han omtala som 'den store fyrsten, han som vernar dine landsmenn.'
Mikael leier altså englane si oppgåve med å vere Guds stridsmenn som skal
avgrense vondskapen og til slutt overvinne vondskapen si makt på jorda. I
songen 'Michael, row the boat ashore' fins dette motivet at dei
døde skal vakne når Mikael stig fram ved sluttoppgjeret med den vonde.
Namnet hans tyder: 'Kven er som Gud?'
Denne dagen vert feira som Mikkelsmess, ein minnedag for
erkeengelen Mikael og alle englane.
"Når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal
han sitja på kongsstolen sin i herlegdom."
Matt 25,31
|
|

Bøn på Mikkelsmess
O Gud, i underfull visdom har du gjort englane til dine sendebod til menneska. Vi bed deg: Lat oss her på jorda vere under deira vern og saman med dei få tilbe deg i himmelen og sjå din herlegdom, du Fader, Son og Heilag Ande, éin sann Gud frå æve og til æve.
|