Helgen i november

Martin av Tours

 

Ein av dei mest kjende helgenar i mellom-Europa var biskop i Tours i Frankrike på 300-talet.  Fødd i noverande Ungarn av ikkje-kristne foreldre som sende han til Frankrike i militæret.  Der møtte han ein frysande tiggar.  Martin delte kappa si i to og gav tiggaren halve.  Om natta fekk han sjå Kristus i eit syn kledd i den halve kappa.  Då let han seg døype, 18 år gamal.

 

Etter militæret vart han einebuar til han vart læresvein hjå Hilarius av Poitiers.  Han grunnla fyrste klosteret i Vesten.

 

Folket i Tours kalla han i 371 til biskop.  Han gøymde seg i eit uthus for å sleppe, men der var ein flokk gjess som røpa han med kaklinga si.  Dette er bakgrunnen for at minnedagen hans vert feira med 'mortens-gås' i fleire land  .

Martin var ein åndelege personlegdom, dreiv eit utrøytteleg misjonsarbeid, grunnla fleire kloster innan han døydde den 11. nov i 397.  Grava hans i Tours vert rekna som nasjonal-heilagdom i Frankrike.

 

Franconian School
Miraculous Mass of St. Martin of Tours
About 1440
German, mid 15th Century
Tempera and gold on canvas on panel
36 1/8 x 32 3/4 inches
Samuel H. Kress Collection (1961.045)

 Bøn

 

'Allmektige Gud,
du veit at vi ikkje maktar noko i eiga kraft,
vi bed deg: 
Styrk oss i kampen mot det vonde
og hjelp oss etter din tenar Martins føredøme
å tene nesten vår og leve til di ære
ved Jesus Kristus, din Son, vår Herre.'