![]() |
|
Helgen i juni ![]() Johannes Døyparen
Døyparen Johannes var eit Kristus-vitne heilt frå før han var fødd. (Lk 1,44). Difor er det fødselsdagen hans vi feirar 24. juni. Men elles er minnedagar for helgenar normalt dødsdagen deira, dvs. deira himmelske fødselsdag. Johannes vert ofte framstilt i kyrkjekunsten med ein stor og synleg peikefinger, symbolet for han som forkynner: "Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!" (Joh 1,29). I ikonkunsten er han vist ståande ved Jesu kross på Golgata, endå han døydde før Jesus. Jesu mor, Maria, står då på andre sida. Desse bileta prøver ikkje å vere historisk korrekte, men å framstille dei to viktigaste menneska som bar Frelsaren til oss: Ho som fødde han og han som rydda veg for han med sitt vitnemål.
Namnet Johannes tyder 'Herren er nådig'.
Joh 3,30
|
|
||||