ST. HALLVARD

St. Hallvard

 

'Hallvardsmesse' heiter det på primstaven for 15. mai og kjenneteiknar at minnet om ein av dei norske helgenane var merkedag i kalendaren.

 

Hallvard Vebjørnsson er martyr frå den fyrste kristne tida i landet vårt.  Han var i slekt med Olav den Heilage og vart i 1043 i nærleiken av Drammen drepen av ei pil idet han forsøkte å verne ei kvinne som var på flukt etter uskuldig å vere klaga for tjuveri.

Hallvard fekk ein kvernstein hengd om halsen og vart kasta i Oslo-fjorden, men kroppen flaut opp.Ettersom han hadde forsvart ein uskuldig, vart han rekna som martyr.  Han vart etterkvart gravlagt i Oslo og blir rekna som Oslos vernehelgen.  Han vert også æra som dei forfølgde sin skytshelgen.

 

Oslos byvåpen har som kjennemerke piler og kvernstein etter St. Hallvard.