Helgen i mars

St.Bendict av Nursia

St. Benedikt

var ein italiensk munk som på 500-talet forma klosterregelen som vart grunnlaget for det vesterlandske klostervesenet.  Typisk er det at kvar munk som utøver bøn og studier, også deltek i det praktiske arbeidet i klosteret.

 Benedikt var fødd i Nursia i midtre Italia om lag 480 og grunnla i 529 klosteret Monte Cassino sør for Roma.

 Han døydde år 547.  Klostera kom til å få mykje å seie i den tidlege mellomalderens kaotiske Europa.  Benedikt vart difor utnemnd til vernehelgen for Europa.

 Minnedagen hans er 21. mars.

 

Tilbake