Helgen i august: Augustin


vart den vestlege kyrkja sin viktigaste kyrkjefader.  Fødd i Tagaste i noverande Algerie i 354, med ein heidensk far og den fromme Monica som mor.  Han vart lærar i retorikk i Milano men levde eit utsvevande og uåndeleg liv som han har skrive om i boka 'Confessiones'. 

 Påverka av mor si og Milanos erkebiskop Ambrosius vart han omvend og døypt påskenatt 387.  Så vende han heim til Tagaste og levde som munk.  Motviljug let han seg presteordinere og vart biskop av Hippo som låg like ved.

 Her levde han som munk saman med ei gruppe prestar og skreiv ein klosterregel for denne fellesskapen.  Det vart normal-regelen for klosterliv i Vesten.

 Mange av hans skrifter er tekne vare på.  Ikkje minst hans tankar om kyrkja, om synd og nåde er blitt grunnleggande for all vestkyrkjeleg teologi.  Han døydde i 430. 

 Minnedagen hans er 28. august.

  

Bøn

 'Herre, du er kjelde til all visdom og
opphav til all kjærleik. 

Forny di kyrkje med den ånd du vekte i den
sæle biskop Augustin. 

Gi oss same lengt etter deg, så vi av heile
vårt hjarte søkjer deg og finn kvile i deg,
ved Jesus Kristus, din Son, vår Herre.'