Athanasius
Helgendag   2. mai

Ein av dei viktigaste kyrkjefedrene på 300-talet, var Athanasius, patriark i Alexandria frå 328. Medan han arbeidde som diakon, stod presten Arius fram og hevda at Jesus Kristus ikkje var Guds son. Athansius hadde mykje av æra for at det fyrste økumeniske kyrkjemøtet i Nikea 325 tok avstand frå Arius. Keisarane på den tida var likevel arianarar, og Athanasius vart fleire gongar tvinga i landsflykt. Men kvar gong vende han attende, siste gong i 366, til stor jubel frå folket. Han stod nær ørkenfaderen Antonius og skreiv ein biografi om han. Fleire andre av hans skrifter er også tekne vare på. Han døydde denne dagen i 373.Den athanasianske trusvedkjenninga stammer nok ikkje frå han, men er komen til på 500-talet i sør-Frankrike.

 
"Enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne
til døden for Jesu skuld, så óg Jesu liv skal verte
openberra ved vår døyelege lekam."

 

2. Kor 4,11