St. Antonius
Helgendag    17. januar 

    'Antonsmesse' kallar primstaven den 17. januar, etter den mest kjende av ørkenfedrane, Antonius, fødd i Memfis i Egypt i 251, død i 356.  Ei preike om den rike unge mannen greip han så sterkt at han i 20-årsalderen drog ut i øydemarka som einebuar.  Han gjennomgjekk store kroppslege og åndelege freistingar som han vann over.  Etter kvart slutta fleire  seg til han, og dei forma fellesskap av eremittar som vart starten på kloster-livet.   Menneske kom til ørkenfedrane og søkte åndeleg rettleiing.  Deira visdomsord er nedskrivne og tilgjengelege. Med sitt radikale val å leve berre for Gud, fekk dei avgjerande mykje å seie for Kyrkja som var freista til å sli slukt av samfunnet då ho vart offentleg godkjend  av keisaren på starten av 300-talet.   Antonius  kjempa også aktivt saman med Athanasius mot arianarane som fornekta Kristi guddom.  Ein biografi om Antonius, forfatta av Athanasius, er utgitt på svensk.   “Den som ikkje har reine tankar og eit liv som liknar på helgenane, kan heller ikkje forstå det helgenane seier og som kjem frå Gud.” Antonius.        

Bøn

 

’Herre, du som kalla den heilage Antonius ut i øydemarka,

gi oss nåde til i einsemd og stille

å opne våre hjarte for deg.’

tekst