Credo ut intelligam
Herre,
eg prøver ikkje å forstå kor stor du er,
for til det strekk ikkje min forstand til.
Men eg lengtar etter
å forstå delar av di sanning
som hjarta mitt trur og elskar.
Eg prøver ikkje å forstå
for å kunne tru.
Men eg trur
for å kunne forstå.
Eg trur nett dette:
At eg ikkje kan forstå om eg ikkje trur.
Anselm av Canterbury + 1109
|
vert
rekna som fyrste representanten for 'skolastikken'. Fødd i nord-Italia
og abbed ved eit benediktikar-kloster i Normandie før han kom til England
som erkebiskop i 1093. Hans livsmål som teolog var å vise korleis trua
og fornuften kan samsvare. Slagordet var: Credo ut intelligam
(dvs. 'eg trur for at eg skal forstå). Trua står over fornuften, men
det er teologien si oppgåve å framstille trua slik at også forstanden kan
begripe henne.
Anselm
kom i konflikt med kongen om kven som skulle utnemne biskopar og vart to
gongar landsforvist pga sitt forsvar for kyrkja sin rett til å bestemme i
kyrkjelege saker. Han døydde den 21. april 1109.

|