Apostelen Simon var selot, 'ivrar', som han også vert kalla. Han høyrde
til eit parti som ivra for væpna opprør mot den romerskeokkupasjonsmakta;
politisk men også messiansk motivert. Som apostel innsåg han til slutt at
det var Jesus som var Messias og at det messianske riket var noko anna enn
det selotane venta seg.
Etter tradisjonen arbeidde Simon fyrst i Egypt og seinare i Persia.
Judas vert i Luk 6 og Apg 1 kalla 'son til Jakob'. Men i Matt 10 og Mark 3
vert han kalla 'Taddeus'. Han er forfattaren til siste brevet i NT og vert
der kalla 'Jakobs bror'. Han skal ha arbeidd i Syria og Armenia før han
saman med Simon kom til Persia der dei begge vart martyrar. Etter andre
kjelder vart Simon krossfest som biskop i Jerusalem år 107.
Somme reknar begge som Jesu slektningar, søner til Josefs bror Klopas.
Deira feiringsdag er 28. oktober.
|