Ignatius
av Antiokia

 

var biskop i Antiokia fyrste delen av 100-talet, andre biskopen etter Peter. Apostelen Johannes var læraren hans.

Under keisar Trajan vart han gripen og send til Roma. På reisa dit skreiv han brev til kyrkjelydane langs reiseruta. Desse er tekne vare på i den skrift-samlinga som vert kalla Dei apostoliske fedre.

I desse breva formanar han dei kristne med eit fargerikt språk til einskap og samling kring sin biskop. Han er den fyrste som brukar omgrepet den katolske kyrkja.

I brevet til kyrkjelyden i Roma bed han direkte om at ingen måtte forsøke å hindre maryrdøden hans, for den skulle bli eit tydeleg vitnemål om hans tru. Kring år 110 vart han kasta til villdyra på Colosseum.

Eg er Guds kveitekorn, og med villdyra sine tenner skal eg malast for å bli funnen som eit reint Kristi brød. Ignatius brev til romarane.

Allmektige Gud, dine heilage martyrar sitt blod gir næring til kyrkja sin heilage lekam. Gi oss nåde til å møte døden utan frykt i tru og tillit til vår Herre Jesus Kristus.