Minnedag i september

 

Grundtvig

Nikolaj Fredrik Severin Grundtvig var dansk prest og salmediktar.  Fødd i ein presteheim var han lenge oppteken av gamal norrøn religion, men kom til tru og vart prest. 

 Han kjempa heftig imot rasjonalismen som prega også dansk kyrkjeliv på tidleg 1800-tal.  Han vart underlagd sensur og nedla preste-embetet sitt i protest mot ufridomen i statskyrkja. 

 På 1830-talet arbeidde han for folkehøgskule-tanken med nye ideal for undervisning.

 Han vart igjen prest ved Vartov sjukehus-kyrkje i København og fekk anerkjenning som ein stor åndeleg leiar.  Han la stor vekt på kyrkjelyden og nådemidla og eit resultat vart retten til å danne val-kyrkjelydar.

 Størst var han kanskje som salmediktar og er rikt representert i norske salmebøker.  Han døydde i 1872, den 2. september, som difor er minnedagen hans.

  

Salme

 Kyrkja ho er eit gamalt hus,

stend om enn tårna mun falla.

Tårn etter tårn dei sokk i grus,

endå kan klokkene kalla,

kalla på gamal og på ung,

mest då på sjela trøytt og tung,

sjuk for den evige kvila.

Norsk salmebok nr 690