Helgendag 5. januar

 Simon Styliten

var den mest berømte av dei såkalla ’søylehelgenar’. Han var gjetargut i nord-Syria på 400-talet. På leit etter eit asketisk liv, budde han i over 20 år i fleire kloster før han i 423 slo seg ned nær Antiokia, i Telanissus (Dair Sem’an) på ei søyle som til slutt var bygd opp til 18 meter høgde med ei plattform på vel 1 kvadratmeter på toppen. Der budde han i 36 år til han døydde 70 år gamal i 459.

Målet hans var å kome bort frå alle menneska som oppsøkte han om forbøn og råd. Men det motsette var tilfelle: Pilegrimar og politikarar oppsøkte han for råd og rettleiing. Han stilte opp for dei kvar ettermiddag. Alle møtte han med omsorg og medkjensle, med sunn fornuft og utan fordomar. Mange, særleg beduin-arabarar, kom til tru gjennom han.

Etterkvart fekk han mange etterfylgjarar, og omkring søyla vart etter hans død bygd eit kloster med kyrkjer. Ruinene av desse fins enno.

 

Simon Styliten, Johannes teologen og apostelen Phillip

 

’Dei såg samfunnet som eit skipsvrak som den enkelte må symje for livet bort ifrå. Desse menn var overtydde om at det ville vere ei absolutt katastrofe for den enkelte om han let seg drive med og passivt godta dei dogmer og verdiar samfunnet formidla.” (T. Merton: The Wisdom of the Desert)