Helgendag

7. mars

Perpetua og Felicitas

 

Sta Perpetua

 

Desse to unge kvinnene vart martyrar i Kartago, i noverande Tunis, denne dagen år 203.  Perpetua var nygift, av fornem romersk slekt og hadde nett fått sitt fyrste barn.  Ho gjekk til kristen opplæring då ho vart gripen og sett i husarrest.  Der vart ho døypt.  Far henner forsøkte få henne til å avsverge trua si av omsyn til barnet sitt.  Men ho avslo og vart kasta for vill-dyra saman med si kristne slavinne Felicitas.

 

Felicitas var også ung mor.  Ho hadde fødd eit barn i fangenskap.  Begge borna vart adopterte av andre kristne.

 

Det fins gripande vitnemål frå deira siste dagar, dels Perpetuas visjonar frå fengslet, dels augevitneskildringar av korleis dei to kvinnene støtta kvarandre under villdyra sine angrep og til slutt gav kvarandre fredshelsinga framfor døden - vitnemål prega av ungdomeleg trus- og vitneglede. 

 

Rom 8,31b-39                   Matt 10,34-39

 

«Den som gjer det Far mi i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»        Mt 12,49

 

'Herre, kjærleiken til deg gjorde dei sæle martyrane Perpetua og Felicitas uredde i forfølgjinga og uthaldande i møte med døden.  Vi bed deg:  Høyr dei heilage sine bøner for oss, og gi oss nåde til å elske deg gjennom Jesus Kristus, vår Herre.'

 

Sta Felicitas