Himmelske Far, etter din store miskunn utvalde du
den sæle tollaren Matteus
og gjorde han til apostel.
Hjelp oss å vitne om Jesus som han gjorde
og like trufast som han
å vere Jesu etterfylgjarar.
Ved Jesus Kritsus, din Son, vår Herre, som med
deg lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve.

Helgendag 21. september

 Matteus

evangelist og apostel

Matteus var før Jesus kalla han, romersk tollar i Kapernaum. Han var fødd under det jødiske namnet Levi og var son til Alfeus. (Mark 2,14; Matt 9,19). Han vart ein av Jesu apostlar og forfattar av Matteus-evangeliet.
Etter Jesu oppstode arbeidde han fyrst ei tid mellom jødane i Jerusalem. Deretter dreiv han misjon fyrst i Etiopia og deretter i Persia der han vart halshoggen.
Matteus-evangeliet ber preg av å vere retta mot jødiske lesarar.
Matteus sitt evangelist-symbol er mennesket.
(Joh op 4).

 

Evangelistane Markus og Matteus(til høgre)
(Frå Olavs frontalet i Nidarosdomen)