|
40 martyrar i Sebaste |
Medan Licinius var keisar over dei austlege regionar i Romarriket (307-323), braut han med Konstantins påbod om å gjere kristendomen lovleg, og forsøkte utrydde kyrkja frå sine landområde. Kommandanten Agricola i den armenske byen Sebaste hadde 40 kristne i sin livgarde. Han baud dei å ofre til dei romerske gudane og prøvde å overtale, med lovnadar og tortur. Dei nekta og vart fengsla. I fengslet medan dei venta på sin lagnad, høyrde dei Gud tale om at den som held ut til enden, skal bli frelst. "Alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, skal verta frelst." (Matt 10,22).Om morgonen kom dei ut av fengslet syngande Salme 54 som dei pleide også når dei gjekk i kamp for keisaren. Som straff vart dei plasserte nakne på ein frosen innsjø utanfor byen. Eit varmt bad på stranda frista dei heile natta. Berre éin gav etter, men han vart erstatta av ein soldat som heldt vakt på stranda og som vart gripen av deira trusmot og slutta seg til dei. Dei overlevde natta på isen, men vart neste dag torturerte til døde.
"Frels meg ved ditt namn, Gud, og
hjelp meg til min rett med di kraft!" Ps54,3
"Alle skal hatadykk for mitt namn
skuld. Men den som held ut til enden,
skal verta frelst."
Matt 10,22
|