I høve
Arbeidsdagane i Bergen
denne månaden, får vi celebert besøk i St. Olav kyrkje i Ålesund. Møtet er ope for alle. F Patrick Reardon er ein kjend prest, forfattar og debattant i USA. Han er prest i ei ortodoks kyrkje i Chicago: All Saints Antiochian Orthodox Church.
Av bøkene han har skrive, er desse av dei mest kjende: Christ in the Psalms og Christ in His Saints. Dette er enkle bibelkommentarar til dei gamaltestamentlege salmane og til bibelske personar. Elles er han fast skribent i det amerikanske magasinet Touchstone – A Journal of Mere Christianity.
F Reardon vert med på ei samling i St. Olav kyrkje onsdag 21. mai kl. 19.00. Han vil orientere om korleis han vurderer den økumeniske situasjonen i vår del av verda idag og gi sine råd. Velkomen til enkel kveldsmat, drøfting og kveldsbøn.
fr Ottar Mikael